Vi søkjer «Læring i næring» ungdom til arbeidsplass på Osterøy

I K. Lerøy Metallindustri AS spesialiserer vi oss på finmekaniske komponentar med strenge toleransekrav. Ofte i krevjande materiale. Komponentane inngår i produkt som vert utsett for og skal fungere under tøffe forhold. Det kan vere snakk om forsvarssystem eller romfartsteknologi, medisinsk utstyr eller hus for elektronikk, ventiler eller annet utstyr som vert senka tusenvis av meter ned i havet.

Vi held til i Lonevåg på Osterøy og tel i dag vel seksti medarbeidarar. Dette er kreative og dyktige menneske med vestlandsk stå-på vilje. Dei kjem på jobb kvar dag for å oppretthalde den kvalitet og kompetanse som vert forventa i våre kjerneområde. Ved hjelp av vår moderne maskinpark foredlar dei fleire gode idéar enn nokon gong før. Dei er også klare for nye utfordringar, og til det treng vi også fleire kollegaer.

Om du er interessert i maskinar og metallproduksjon oppmodar vi deg til å søkja arbeid hjå oss i haust- og vinterferien! Du vil få prøvd deg i ulike fagområde, og arbeidsoppgåvene vil variera etter kva bestillingar vi produserer til kvar tid.

Kva du får jobba med:

Du vil få opplæring i ulike fagområde og som hovudregel arbeida saman med ein røynd tilsett eller lærling. Opplæringa vert eitt eller fleire av følgjande fag:

  • Dreiing

  • Fresing

  • Programmering

  • Innstilling av maskin

  • Lagerføring

  • Platearbeid

  • Sveising

  • Kvalitetskontroll

  • Montering

  • Vedlikehald

  • Pakking

Første dagen vil du få innføring i vårt reglement for helse, miljø og sikkerheit, og få opplæring i korleis ein les ei teknisk teikning, med praktiske oppgåver.

Kven vi ser etter og kva skal til for å passa i jobben:

  • Du er nysgjerrig på korleis metallkomponentar blir produserte

  • Du tør å spør og søkja kunnskap når du lærer nye ting

  • Du liker varierte og praktiske oppgåver, gjerne saman med andre

  • Du er punktleg og møter opp til avtalt tid

Du finn K. Lerøy Metallindustri i Kårvika på Gjerstadvegen 53, 5282 Lonevåg. Det tar om lag fem minuttar å gå til oss frå Lonevåg bussterminal.

Stillingar: 2-3

Kontaktinfo: 

Kontaktperson: Hjalti H. Gislason, mobil: 415 15 940

Vår heimeside: https://www.leroymetall.no/

Facebook: https://www.facebook.com/LEROYMETALL/

Finn.no: https://www.finn.no/job/company/3832

LinkedIn: https://no.linkedin.com/company/k-leroy-metallindustri-as

Søknadsfrist: 9.september

Søknadsskjema: