Kløvheim Naturbarnehage søkjer «Læring i næring»-ungdom som ønskjer arbeidserfaring i haustferien og/eller vinterferien
I Kløvheim Naturbarnehage får barna vekse opp midt i naturen – på tre, steinar og i sølepyttar. Hos oss er alle årstider fulle av leik, utforsking og glede. Vi trur på at robuste barn blir til gjennom meistring, vennskap og gode opplevingar ute.
Kløvheim Naturbarnehage søkjer ungdom som ønskjer arbeidserfaring i haustferien og/eller vinterferien.
Hos oss får du vere ein del av ein aktiv og spennande barnehagekvardag der naturen er ein viktig del av dagen. Barna er mykje ute i leik, aktivitet og utforsking, og vi legg stor vekt på tryggleik, omsorg og glede. Barnehagen har særleg fokus på leik, samspel, språk og lesing.
Du kan lesa meir om oss her https://klovheimnaturbarnehage.no/
Kven passar jobben for – og kva vil du få vere med på?
Denne jobben passar godt for deg som er nysgjerrig på arbeid i barnehage, likar å vere saman med barn, trivst med aktivitet og uteliv, og har lyst til å lære.
Som ungdom hos oss vil du få vere med på enkle og meiningsfulle oppgåver saman med dei tilsette. Du kan til dømes vere med i leik og aktivitet med barna, hjelpe til i praktiske oppgåver i kvardagen, bidra i førebuing av aktivitetar og vere ein god rollemodell for vennskap, inkludering og omsyn. Du vil ikkje stå åleine med ansvar.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som er positiv, påliteleg og respektfull, møter presis, tør å ta i eit tak og likar å vere ute i all slags vêr. Du må kunne ta imot rettleiing og bidra til eit godt miljø for både barn og vaksne.
Arbeidsstad
Kløvheim Naturbarnehage AS
Mykingvegen 642
5913 EIKANGERVÅG
Barnehagen ligg på Kløvheim, fylkesveg 5464, om lag 20 minutt frå Knarvik og 20 minutt frå Lindås. Vi kan så langt det let seg gjere tilpasse arbeidstida til bussamband.
Har du lyst til å søkje?
Kontaktperson:
Janne B. Fjellanger, Styrar - Tlf: 90575713.
Har du spørsmål, kan du dela dei med Janne så gjer ho svar. Vi gler oss til å høyre frå deg!
Søknadsfrist: 9.september