Vil du jobbe i ein av landets største gjenbruksbutikkar?
Er du ein ungdom som likar høgt tempo, praktisk arbeid og å møte menneske? Då kan dette vere jobben for deg!
Gjennom prosjektet Læring i Næring søkjer me no etter ein engasjert ungdom som vil vere med på laget i gjenbruksbutikken vår ei veke. Her får du prøve deg i ein ekte butikkkvardag, lære mykje nytt – og vere med på å gi brukte ting nytt liv.
Om gjenbruksbutikken til KIM
Gjenbruksbutikken til Knarvik industri og miljø as (KIM) er ein av landets største gjenbruksbutikkar målt i omsetnad. Kvart år tek me imot rundt 190 000 kilo varer, og kundane våre kjem frå både Sunnhordland og langt opp i Sogn og Fjordane.
Hos oss finn folk alt frå møblar og interiør til klede, utstyr og skattar ein ikkje visste fanst! Me er kjent for stort utval, gode prisar og eit travelt – men veldig kjekt – arbeidsmiljø. Butikken ligg sentralt til i Knarvik.
Kva får du vere med på?
Som butikkmedarbeidar hjå oss får du vere med på mykje forskjellig:
Henting og mottak av varer
Sortering og klargjering for sal
Prising av varer
Påfylling og organisering i butikk
Kundekontakt og generelt butikkarbeid
Ingen dagar er heilt like – og det er nett det som gjer jobben spennande!
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som:
Har godt humør og likar å ta i eit tak
Er praktisk anlagt og likar å vere aktiv
Trivst saman med andre menneske
Kan jobbe sjølvstendig når det trengst
Klarer å halde hovudet kaldt når det er travelt
Du treng ikkje erfaring frå butikk frå før – det viktigaste er at du møter opp med positiv innstilling og vilje til å lære.
Interessert?
Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt:
Morgan Taule, dagleg leiar – tlf. 474 61 106
Linn Mari Rath, leiar for butikkdrift – tlf. 418 45 761
Les meir om oss på Knarvik industri og miljø as eller besøk oss på Facebook: Gjenbruksbutikken – Knarvik industri og miljø as
Søknadsfrist: 9.september