Vi søkjer ungdom til «Læring i næring»-arbeid på Manger i haustferien!
Manger folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule med ca. 60 elevplassar. Skulen ligg på Manger i Alver kommune. Den er eigd av Vestland fylkeskommune. Manger folkehøgskule tilbyr undervisning innan musikk, mediefag og skriving. Linjene er Brassband, Rytmisk musikk, Musikk, bu og fritid, Musikk og media, Skapande skriving og Stipendiat.
Har du lyst til å prøve deg i arbeidslivet og tene deg nyttig erfaring? No kan du søkje om «Læring i næring»-plass hos oss på Manger folkehøgskule i haustferien.
Arbeidsoppgåver kan vere:
praktiske oppgåver inne på internatet
enkle oppgåver på kjøkenet
rydding og klargjering av skuleområdet
lett vedlikehald ute og inne
Vi ser etter deg som:
har lyst til å lære noko nytt
kan jobbe både inne og ute
er positiv og likar praktisk arbeid
møter presis og tek ansvar for oppgåvene dine
Arbeidsplassen er ved Manger folkehøgskule i haustferien, 5. - 9. okt. 26.
Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med rektor Viggo Bjørge på telefon 907 85 825
Vil du vite meir om skulen? Sjå: manger.fhs.no
Søknadsfrist: 9. september 2026