Vil du prøve deg i arbeidslivet? Søk jobb gjennom Læring i Næring!

Er du elev på 10. trinn i Masfjorden skuleåret 2025/2026? Har du lyst til å lære meir om arbeidslivet og prøve deg i ein ekte jobb? Då er Læring i Næring noko for deg!

Gjennom dette prosjektet kan du søke jobb på sjukeheimen i Masfjorden.

Du får erfaring med å:

  • lese og forstå stillingsannonsar

  • skrive jobbsøknad og CV

  • delta i intervju

  • få tilbod om ekte jobb!

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som er:

  • nysgjerrig og lærevillig

  • glad i å vere saman med andre

  • punktleg og påliteleg

  • interessert i å lære meir om helse, omsorg eller arbeid med barn

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • vere med og prate med bebuarane

  • hjelpe til med å dekke bord og servere mat

  • delta i aktivitetar som bingo, trim eller turar

  • rydde og hjelpe til med enkle oppgåver på avdelinga

  • bidra til å skape ein triveleg kvardag for dei eldre

Kva får du igjen for å vere med?

  • Du lærer om arbeidslivet og får nyttig erfaring

  • Du blir tryggare på kva du vil søke vidare på etter ungdomsskulen

  • Du får vere med på noko meiningsfullt og sosialt

  • Du får attest og referanse du kan bruke seinare

  • Du får litt løn for arbeidet ( ca kr. 100,- pr time)

Søknadsfrist: 9.september

Har du spørsmål? Ta kontakt med læraren din eller prosjektleiar for Læring i Næring.

Søknadsskjema: