Me søkjer «Læring i næring»-ungdom til arbeid i Nordbygda barnehage!

Nordbygda barnehage ligg flott til i naturskjønne omgjevnader på Hosteland i Masfjorden kommune. Vi er ein tre-avdelings barnehage som ligg tett ved Nordbygda skule.

Vi jobbar målretta etter verdiane trivsel, bli sett, positiv utvikling og tid. Med det meiner vi at barna skal kjenne på trivsel, dei skal bli sett av dei vaksne, få høve til å utvikle seg og oppleve at vi har tid til dei i kvardagen. Barnehagen har eit inkluderande miljø, og er ein god og trygg plass å vere.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta aktivt med i leik, aktivitetar og samspel med barna

  • Praktiske oppgåver som tillaging av lunsj og oppvask

Me søkjer etter deg som:

  • Likar å vere saman med barn i leik og aktivtetar

  • Er glad i å vere ute, uansett vêr

  • Spør når du lurer på noko, eller om noko er uklårt

  • Tek initiativ

Arbeidet vil vere knytt til haust- og vinterferien.

Søknadsfristen er 9. september.

Det vert bedriftsbeøk i veke 39 – etter søknadsrunden.

For nærare opplysningar, kontakt styrar Maja Aven Dahle, telefon: 95 86 92 21

Les meir om barnehagen og barnehagen sin årsplan på Masfjorden kommune si heimeside: Nordbygda barnehage - Masfjorden kommune

Søknadsskjema: