Me søkjer «læring i næring»-ungdom til arbeid i Sandnes barnehage

Sandnes barnehage er ein 3-avdelingsbarnehage som ligg vakkert plassert på Masfjordnes. Barnehagen arbeider målretta etter verdiane trivsel, bli sett, positiv utvikling og tid. Barna skal kjenne på trivsel gjennom kvardagen, bli sett av alle vaksne, få utvikle seg positivt og oppleve at vi har TID til dei. Gjennom eit inkluderande miljø skal barnehagen vere ein god og trygg plass for barna.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta aktivt i leik, aktivitetar og samspel med borna

  • Praktiske oppgåver som tillaging av lunsj og oppvask

Vi søkjer deg som:

  • Liker å vera saman med barn i leik og aktivitetar

  • Er glad i å vere ute, uansett vêr

  • Spør om du lurar på noko, eller noko er uklårt

  • Tar initiativ

Arbeidet vil vere knytt til haust- og vinterferien.

Søknadsfristen er 9. september.

For nærare opplysningar, kontakt styrar Åshild Skuggedal på tlf.: 95 85 16 71.

Les om barnehagen og barnehagen sin årsplan på Masfjorden kommune si heimeside: Sandnes barnehage - Masfjorden kommune

Søknadsskjema: