Me søkjer «læring i næring»-ungdom til Matkroken Hjelmås
Vil du jobbe ein plass der du faktisk betyr noko for folk?
Matkroken Hjelmås er ikkje ein heilt vanleg butikk.
Vi er ein nærbutikk for bygda – eigd av bygda. Her kjenner vi kundane våre, vi bryr oss – og vi stiller opp. Vi køyrer ut varer til eldre, held butikken open døgnet rundt, og er ein viktig del av kvardagen til folk på Hjelmås.
Kva får du gjere?
Dette er ikkje ein jobb der du berre står og dreg varer over kassa. Hos oss får du vere med på ekte butikkdrift:
Fylle på varer og halde butikken ryddig
Lage tilbudstorg
Lage god stemning og trivsel for kunder og kollegaer
Hjelpe kundar og skape gode opplevingar
Klargjere varer til heimlevering
Ta i eit tak der det trengs – butikk er lag arbeid
Vere med og halde hjula i gang i ein butikk som betyr noko for folk
Kven ser vi etter?
Kven ser vi etter?
Vi ser ikkje først og fremst etter erfaring – vi ser etter rett type menneske:
Du har pågangsmot og driv
Du er ein naturleg gledesspreiar
Du likar å hjelpe andre – på ekte
Du tek ansvar utan å bli bedt om det
Du møter opp og gjer jobben skikkeleg
Du har lyst til å lære sal, service og kva som faktisk skal til for å drive butikk
Kort sagt: Du bryr deg.
Kva får du igjen?
Erfaring som faktisk betyr noko
Lære korleis ein ekte nærbutikk fungerer
Betre sjølvtillit i møte med folk
Ein arbeidsplass der du blir sett
Praktisk info
Arbeidet skjer innanfor dei bemanna opningstidene våre (me er døgnope)
Vi sørger for at du får god oppfølging og lærer undervegs.
Vil du vere med? Send oss ein søknad og fortel kvifor du vil jobbe hos oss.
Ta kontakt med butikksjef Sebastian Midtgård om det er noko du lurar på. Han slår gjerne av ein prat.
Matkroken Hjelmås – meir enn ein butikk. Ein del av bygda.
Søknadsfrist: 9.september