Me søkjer «Læring i næring» -ungdom til Sfo ved Mo skule

Vil du trivast i ein liten kommune med oversiktlege forhold? Då er Modalen plassen for deg! Her vil du koma tett på den enkelte innbyggjar, og saman med oss kunna nyta det gode livet på landsbygda. Samstundes er ikkje byen langt borte, berre ein times køyring til Bergen.

Modalen er ein liten kommune med stor kraft.

Sfo er ein del av til tilbodet for elevar i 1.-4.klasse ved Mo skule. Sfo er ope før og etter undervisningstid på skuledagar, og heile dagen når det er skuleferiar. Tilsette som arbeider i Sfo er fagarbeidarar i barne- og ungdomsarbeiderfaget.

Som tilsett i Sfo har du ansvar for at borna har eit trygg og meiningsfullt opphald. Du legg til rette for variert leik inne og ute. Du vert med og lagar lunsj til borna midt på dagen. Du møter gjerne foreldre som leverer og hentar born på Sfo.

Me søkjer deg som trivst med å vere saman med born, både inne og ute. Du må væra ein trygg vaksen som borna kan stola på når dei treng deg. Du må væra open for rettleiing frå dei andre tilsette ved Sfo og Sfo-leiar.

Mo skule har adresse Mo 50, ca. 200 meter frå Mo sentrum.

Kontaktperson for Sfo ved Mo skule: Rektor Jahn Olav Nordheim, Mob.: 416 67 594.

Søknadsfrist: 9. september.

Søknadsskjema: