Vi søkjer ein motivert og praktisk anlagt «Læring i Næring»-ungdom til NCC sitt mekaniske verkstad i Indre Arna
Vil du lære meir om store maskiner og korleis dei blir reparerte og vedlikehaldne?
Vi ser etter ein motivert og praktisk anlagt ungdom som vil prøve seg i arbeidslivet hos oss.
Hos NCC Industry får du vere del av eit spennande og praktisk arbeidsmiljø saman med erfarne og hyggelege kollegaer.
NCC Industry jobbar med asfalt og vegbygging over store deler av Noreg. Vi er opptekne av berekraft og utviklar løysingar som er betre for miljøet.
På verkstaden vår i Indre Arna jobbar vi med vedlikehald og reparasjon av asfaltmaskiner, som asfaltutleggjarar og valsar. Noko av arbeidet skjer ute i felt, medan resten går føre seg på verkstaden.
Hos oss får du sjå korleis kvardagen på eit mekanisk verkstad fungerer og lære mykje undervegs!
Kven ser vi etter og kva skal til for å passe i jobben:
Ingen forkunnskapar er nødvendige, men du bør:
like praktiske oppgåver
vere nysgjerrig på maskiner og mekanikk
ikkje vere redd for å jobbe ute
vere positiv og villig til å lære
Kontaktinfo, kontaktperson og adresse for arbeidet:
Har du spørsmål eller vil vite meir om NCC Industry?
Kontakt Manager of Machinery & Equipment, Wiggo Haugsvær - mobil +4791704139. Eller besøk oss på www.ncc.no
Søknadsfrist: 9. september.