Vi søker etter to praktisk anlagt «Læring i næring» ungdom som vil vera med på vedlikehald av brannstasjonar, bilar og utstyr knytt til Nordhordland brann og redning
Informasjon om bedrifta:
Nordhordland Brann og Redning (NHBR) består av dei tre avdelingane operativ avdeling, brannførebyggjande avdeling (feiing og bustadtilsyn) og NGIB (Nordhordland og Gulen brannførebyggjande avdeling). Vi er til saman 23 fulltidstilsett på dei tre avdelingane, i tillegg til 100 deltidstilsette knytt til operativ avdeling. Vi held til ved Brann- og Driftsstasjonen ved Stølen 7, 5911 Alversund.
Vårt oppdrag er å gje gode tenester til innbyggjarane i alle samarbeidskommunane.
Operativ avdeling dekkjer beredskapen i dei tre kommunane Alver, Austrheim og Modalen. Vi har til samen 5 stasjonar og 2 depot. I tillegg til å rykke ut på akutte aksjonar, må alle stasjonane, bilane, båtane og ustyr, til ei kvar tid være i god stand.
Arbeidet knytt til denne stillinga vil for det meste være retta mot operativ avdeling.
Arbeidsoppgåver:
Dei operative oppgåvene må ein ha spesialkompetanse for å handtere, og ein vil derfor ikkje være ein del av dette arbeidet.
Det er kontinuerleg behov for vedlikehald av bilar, utstyr og brannstasjonar.
Arbeidsoppgåvene vil blant anna innebere:
Vask og vedlikehald av bilar, båtar og ustyr
Rydding og vasking av brannstasjonar
Maling av utstyr og innvendig på brannstasjon
Etter akutte aksjonar: rydde/vaske//komplettere bilar og stasjon
Bidra ved reperasjon og lage feiarreiskap
Du vil få naudsynt opplæring før du vert sett i arbeid, og du får låne arbeidsklede som er naudsynt for arbeidet.
Arbeidet vert gjennomført på ulike brannstasjonar i Nordhordland brann og redning sitt område, og det vil være ein kontaktperson til stades under arbeidet.
Om ein akutt alarm går og brannmannskapa må rykke ut, kan du rekne med å stå aleine i arbeidet over ein periode.
Kven ser vi etter og kva skal til for å passe i jobben:
Vi ser etter deg som:
Kan jobbe sjølvstendig
Likar praktiske oppgåver, og er ikkje redd for å ta i eit tak
Er positiv i møte med andre
Ingen forkunnskapar er naudsynt for å gjere arbeidet.
Kontaktinfo, kontaktperson og adresse for arbeidet:
Har du spørsmål eller vil vita meir, kontakt Gunn-Torhild Ramslien (einingsleiar) på telefon: 45440323.
Søknadsfrist: 9. september 2026