Vi søkjer ungdom til «Læring i næring»
Er du nysgjerrig på arbeidslivet, likar å arbeide med tekstiler og ynskjer å få praktisk erfaring frå ei ekte industribedrift? Då kan dette vere noko for deg. Hjå Norlender får du sjå korleis eit strikka ullplagg blir til – frå garn til ferdig plagg – og slik ta del i ulike arbeidsoppgåver gjennom produksjonen vår.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vere tilpassa deg som ikkje har tidlegare arbeidserfaring, og kan mellom anna vere:
Pakking og kontroll av ferdigvare
Merking av varer med etikettar og hangtags
Lagerarbeid, pakking og utpakking.
Rydding og sortering på lager og i produksjonslokala
Enkle og praktiske oppgåver på tvers av avdelingane våre
Vi ser etter deg som
Likar praktisk arbeid og å bruke hendene
Er ryddig, nøyaktig og ansvarsfull
Har godt humør og trivst med å samarbeide med andre
Er interessert i å lære meir om korleis våre produkt blir produsert.
Praktisk informasjon
Arbeidsplassen vil vera ved fabrikken vår i Hosanger på Osterøy.
Arbeidsperiode: Haustferien og vinterferien. For nærare informasjon om stillinga, kontakt Astrid Tveiten på telefon 41103368.
Søknad
Vil du vite meir om kven vi er og kva me arbeider med? Besøk nettsida vår på: www.norlender.no
Søknadsfrist: 9.september