Vi søkjer «Læring i Næring» ungdom til vaskeriet vårt

Opro AS har sidan 1993 tilrettelagt arbeid for personar med uføretrygd. Vi er ein inkluderande arbeidsplass som har sterkt fokus på tryggleik, utvikling og meistring. Hjå oss vert arbeidsoppgåvene tilpassa den enkelte, og vi legg stor vekt på at kvar medarbeidar skal verte sett, oppleve personleg vekst og få auka livskvalitet gjennom arbeid. Vi har tre produksjonsavdelingar: Vaskeri, frukt og montering. I tillegg driftar vi Osterøy kommune sitt dagsenter for personar med utviklingshemming, der vi tilbyr meningsfulle aktivitetar og eit trygt og sosialt miljø.

Arbeidsoppgåver:

Sortere arbeidskle frå institusjonar, næringsmiddelindustri og anna

  • Brette handdukar

  • Henge opp personaltøy

  • Brette og pakke arbeidstøy, mopper og klutar

  • Rulle matter

Du må:

  • Vere arbeidsvillig og ha lyst til å ta i eit tak

  • Vere blid og like å snakke med andre

  • Ha respekt for andre

Arbeidsplassen vil vere i våre lokaler på Hauge industriområde, Osterøy. Osterøytunet er den næraste busstoppen som er like ved. Vi tilpassar arbeidstida dersom du må ta buss. For nærare opplysingar, ta kontakt med dagleg leiar Torill Magnussen på tlf. 982 179 95.

Søknadsfrist: 9.september 2026.

Søknadsskjema: