«Læring i næring» - Bli med på laget som leverer litande løysingar til kundar innan industri, havbruk og offentleg sektor. Vi har ledig jobb til deg innan elektro og automasjon.
Om Østerbø Solutions
Østerbø Solutions har snart 50 års erfaring frå mellom anna nasjonale leveransar av reservekraft og rørsystem, og er ein betydeleg regional aktør på elektro og automasjon. Vi er stolte over å levere litande løysingar til kundar innan akvakultur, industri og det offentlege.
Selskapet har i dag ca 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi har hovudkontor på Østerbø og avdelingar på Frekhaug, Mongstad og Sløvåg. Velkommen med på laget!
Kva skal du jobbe med?
Installasjon av elektriske komponentar
Feilsøk og reparasjon av el-anlegg
Vere med elektrikarane våre på oppdrag rundt i regionen
Kven er du?
Vi ser etter deg som:
Er interessert i korleis ting fungerer
Har lyst til å jobbe praktisk
Kontakt oss
Oppmøtestaden din blir Mjåtveitflaten 45, Frekhaug.
Kontaktperson: Remi Marøy, avdelingsleiar, tlf.: 465 44 676.
Send oss ein søknad – eller ta ein uformell prat først. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Søknadsfrist: 9.september, søknader blir vurdert fortløpande.