Vi søker etter ein leiken «Læring i næring»-ungdom som ønsker å vera saman med og lære meir om korleis det er å jobbe med barn
Om oss:
Ostereidet FUS barnehage har 3 aldersinndelte avdelingar og ligg i naturskjønne omgjevnader på Ostereidet. Barnehagen har eit stort uteområde med mykje naturtomt, og rett gjennom porten ligg flotte turområde i skog og mark. Vi ønskjer å skape gode kvardagar for barna, og hjå oss kjem leiken først!
Arbeidsoppgåver:
Her skal du få delta i leik og aktivitetar saman med barna og saman med våre erfarne tilsette, skal få læra meir om vårt yrke.
Kven ser vi etter og kva skal til for å passe i jobben:
Ingen forkunnskaper er nødvendig, men du må like å vera i bevegelse, leike med barn og ikkje vera redd for vera ute i all salgs vær.
Kontaktperson:
Har du spørsmål eller vil vite meir om Ostereidet FUS barnehage? Kontakt dagleg leiar Ruth Henanger Jordal mobil: 95 96 08 82. Eller besøk oss på Ostereidet FUS barnehage as, eller vår profil på Facebook.
Søknadsfrist: 9.september