Vil du ha ein kjekk, leikande og aktiv jobb? Me søkjer «Læring i næring» ungdom til Osterøy gårds- og friluftsbarnehage

Informasjon om barnehagen:

Osterøy gårds- og friluftsbarnehage er ein barnehage der vi er mykje ute og brukar naturen aktivt i kvardagen. Barna får utforske, leike og lære gjennom opplevingar i skog, natur og på uteområdet vårt. Me har og nokon dyr, og stell og kos med dei er ein del av kvardagen.

Hos oss er det ein god og trygg gjeng som jobbar saman, og vi legg vekt på trivsel, humor og gode opplevingar ,både for barn og vaksne.

Arbeidsoppgåver:

Som ferievikar hos oss får du vera med i kvardagen i barnehagen saman med tilsette og barn.

Du vil:

  • vera med i leik og aktivitet ute og inne

  • bli med på turar i skog og nærmiljø

  • hjelpa til med enkle praktiske oppgåver

  • bidra til ein kjekk og trygg dag for barna

Du får opplæring og støtte undervegs, du treng ikkje ha jobba i barnehage før.

Kven ser vi etter:

Vi ser etter deg som:

  • likar å vera ute og i aktivitet

  • er snill, omsorgsfull og likar å vera saman med barn

  • er positiv og har lyst til å bidra

  • møter opp og tek ansvar.

  • Du må vera klar for å vera ute i all slags vêr

Kontaktinfo:

Har du spørsmål eller vil vite meir?
Ta kontakt med styrar Eli Hovden Raknes - Tlf: 41390839

Søknadsfrist: 9. september 2026

Søknadsskjema: