Me søkjer «Læring i næring» ungdom til arbeidsplassar i kommunen

Osterøy kommune er ein stor arbeidsgjevar med ca 900 tilsette som dekkjer eit breitt spekter av fagområde. Vi leverer viktige tenester til innbyggjarane - frå helseoppfølging av gravide til sjukeheim, barnehagar og skular, tekniske tenester som vatn og avlaup, brannvesen og administrative oppgåver.

Vi framtidsretta og investerer i digital utvikling, miljøvennlege løysingar og kompetanseutvikling. Som tilsett får du arbeide med moderne utstyr samtidig som du byggjer nære relasjonar til lokalsamfunnet.

Med arbeidsområde frå omsorg til tekniske tenester, utdanning til kultur, finst det moglegheiter for læring, utvikling og meiningsfylt bidrag uansett kva interesser og ferdigheiter du har.

Administrasjon

Administrasjon sørgjer for at den daglege drifta fungerer smidig. Her arbeider du med kommunikasjon, økonomi og HR-tenester som held heile organisasjonen i gang. Innan kommunikasjon handterer du informasjon til innbyggjarane, pressearbeid og digital kommunikasjon på nettsider og sosiale medium. HR-tenesta handterer rekruttering, lønns- og personaladministrasjon for kommunens 900 tilsette. Du arbeider med alt frå stillingsutlysingar til oppfølging av tilsette, utvikling av arbeidsplassen og digitale verktøy. Som administrativ tilsett får du innsikt i heile kommunen sin verksemd og bidrar til at andre avdelingar kan fokusere på sine kjerneoppgåver. Du arbeider med moderne digitale verktøy og får ansvar for oppgåver som påverkar både tilsette og innbyggjarar.

Arbeidsoppgåver:

  • Ta illustrasjonsfoto og redigering av bileta som skal brukast i kommunen, både på nettsider, sosiale media, trykte medier og i dokument.

  • Jobbe med nettsider og sosiale medier.

  • Flytte handbok frå eit system til eit anna.

  • Forefallent administrasjonsarbeid

Vi søker deg som:

Personlege eigenskapar:

  • Er nysgjerrig og lærevillig - du treng ikkje å kunne alt frå før!

  • Liker å vere saman med andre menneske

  • Er hjelpsam og snill

  • Tør å stille spørsmål når du lurer på noko

  • Kan ta imot beskjed og rettleiing frå vaksne

Praktiske ferdigheiter som er nyttige:

  • Kan bruke PC og mobil

  • Har hjelpt til heime med praktiske oppgåver

Det viktigaste er at du:

  • Møter opp når du skal

  • Gjer ditt beste sjølv om oppgåvene er nye for deg

  • Seier frå dersom du ikkje forstår noko

  • Er hyggeleg mot dei du møter på jobb

Vi legg vekt på motivasjon og vilje til læring framfor formell kompetanse. Gjennom praksis, opplæring og mentor-ordningar får du den kunnskapen du treng for å lukkast i jobben.

Du vil få tett rettleiing av erfarne medarbeidarar som vil lære deg opp i dei ulike oppgåvene. Dette er ein moglegheit til å få innsikt i korleis det offentlege arbeider og kanskje finne ut kva du har lyst til å jobbe med seinare.

Teieplikt

Som tilsett i kommunen har du teieplikt. Det betyr at du ikkje kan fortelje andre om det du får vite på jobben om enkeltpersonar, deira helse, økonomi eller private forhold. Teieplikta gjeld både medan du arbeider og etter at du har slutta. Du kan berre dele informasjon med kollegaer som treng det for å gjere jobben sin, og berre det som er nødvendig. Dersom du bryt teieplikta, kan det få alvorlege konsekvensar både for dei det gjeld og for deg sjølv. Vi gjev grundig opplæring i kva som er tillate å dele og ikkje.

Kontaktperson:

Heidi Eikeland, mobil: 40 91 21 01.

Søknadsfrist: 9.september