Me søkjer «Læring i næring» ungdom til arbeidsplassar i kommunen
Osterøy kommune er ein stor arbeidsgjevar med ca 900 tilsette som dekkjer eit breitt spekter av fagområde. Vi leverer viktige tenester til innbyggjarane - frå helseoppfølging av gravide til sjukeheim, barnehagar og skular, tekniske tenester som vatn og avlaup, brannvesen og administrative oppgåver.
Vi framtidsretta og investerer i digital utvikling, miljøvennlege løysingar og kompetanseutvikling. Som tilsett får du arbeide med moderne utstyr samtidig som du byggjer nære relasjonar til lokalsamfunnet.
Med arbeidsområde frå omsorg til tekniske tenester, utdanning til kultur, finst det moglegheiter for læring, utvikling og meiningsfylt bidrag uansett kva interesser og ferdigheiter du har.
Jobb på Biblioteket
På biblioteket får du vere med på mykje spennande! Du jobbar både med det som skjer til dagleg, og med aktivitetar for folk i lokalsamfunnet.
Enten du likar å stelle i stand aktivitetar, eller heller vil fordjupa deg i boksamlinga, kan me finna oppgåver som passar for deg.
Som tilsett blir du kjent med moderne bibliotek, der du kan vere med på alt frå utlån av bøker og digitale medium til å arrangere aktivitetar og møteplassar for innbyggjarane.
Mulige arbeidsoppgåver:
Vere med og arrangere aktivitetar for barn, som spel, hobbyting og lesestund
Hjelpe til med vanlege oppgåver på biblioteket
Arbeidsdagane er på 7 timar på Kultursmia
På onsdagar (når det er stengt) vil du få andre oppgåver
Personlege eigenskapar:
Er nysgjerrig og lærevillig - du treng ikkje å kunne alt frå før!
Liker å vere saman med andre menneske
Er hjelpsam og snill
Tør å stille spørsmål når du lurer på noko
Kan ta imot beskjed og rettleiing frå vaksne
Praktiske ferdigheiter som er nyttige:
Kan bruke datamaskin og mobil
Er vant til å vere saman med mindre born (søsken, kusiner, naboborn)
Har hjelpt til heime med praktiske oppgåver
Liker å vere utandørs og er ikkje redd for å bli skitten på hendene
Har interesse for matlaging eller handverk
Det viktigaste er at du:
Møter opp når du skal
Gjer ditt beste sjølv om oppgåvene er nye for deg
Seier frå dersom du ikkje forstår noko
Er hyggeleg mot dei du møter på jobb
Teieplikt
Som tilsett i kommunen har du teieplikt. Det betyr at du ikkje kan fortelje andre om det du får vite på jobben om enkeltpersonar, deira helse, økonomi eller private forhold. Teieplikta gjeld både medan du arbeider og etter at du har slutta. Du kan berre dele informasjon med kollegaer som treng det for å gjere jobben sin, og berre det som er nødvendig. Dersom du bryt teieplikta, kan det få alvorlege konsekvensar både for dei det gjeld og for deg sjølv. Vi gjev grundig opplæring i kva som er tillate å dele og ikkje.
Kontaktinfo
Kontaktperson: Henrik Carlsen, telefon: 56 19 21 00.
Søknadsfrist: 9.september