Me søkjer «Læring i næring» ungdom til Haldorvika aktivitetssenter

Osterøy kommune er ein stor arbeidsgjevar med om lag 900 tilsette. Dei tilsette jobbar innan mange ulike fagområde. Kommunen tilbyr viktige tenester til innbyggjarane, som helsestasjon, sjukeheim, barnehagar og skular. Vi har også tekniske tenester som vatn og avløp, brannvesen og administrative oppgåver.

Helse og omsorg gir helse- og omsorgstenester til dei som har behov for og rett på helsehjelp. For å gje gode og forsvarlege tenester har me tilsette med ulik kompetanse i avdelingane.

Me søkjer «Læring i næring» til Haldorvika aktivitetssenter. Haldorvika ligg på Valestrand og er eit aktivitetssenteret for personar med demenssjukdom.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i aktivitetar saman med brukarane som t.d song, handarbeid, hagearbeid, trim, gå tur

  • Måltid - dekke bord, servere, vaske opp

Vi søker deg som:

  • Er nysgjerrig og lærevillig

  • Liker å vere saman med andre menneske

  • Er hjelpsam og snill

  • Tør å stille spørsmål når du lurer på noko

  • Kan ta imot beskjed og rettleiing frå vaksne 

  • Ønsker å lære meir om omsorgsyrket

Det viktigaste er at du:

  • Møter opp når du skal 

  • Gjer ditt beste sjølv om oppgåvene er nye for deg 

  • Seier frå dersom du ikkje forstår noko 

  • Er hyggeleg mot dei du møter på jobb 

Du vil få god rettleiing av erfarne medarbeidarar som vil lære deg opp i dei ulike oppgåvene. Dette er ein moglegheit til å få innsikt i korleis me arbeidar og kanskje finne ut kva du har lyst til å jobbe med seinare.

Vil gjerne at du kan jobbe både høst- og vinterferien.

Teieplikt

Som tilsett i kommunen har du teieplikt. Det betyr at du ikkje kan fortelje andre om det du får vite på jobben om enkeltpersonar, deira helse, økonomi eller private forhold. Teieplikta gjeld både medan du arbeider og etter at du har slutta. Du kan berre dele informasjon med kollegaer som treng det for å gjere jobben sin, og berre det som er nødvendig. Dersom du bryt teieplikta, kan det få alvorlege konsekvensar både for dei det gjeld og for deg sjølv. Vi gjev grundig opplæring i kva som er tillate å dele og ikkje.

Søknadsfrist: 9.september

Søknadsskjema: