Me søkjer «Læring i næring» ungdom til Hauge omsorgsbustad - Heimetenesta
Osterøy kommune er ein stor arbeidsgjevar med om lag 900 tilsette. Dei tilsette jobbar innan mange ulike fagområde. Kommunen tilbyr viktige tenester til innbyggjarane, som helsestasjon, sjukeheim, barnehagar og skular. Vi har også tekniske tenester som vatn og avløp, brannvesen og administrative oppgåver.
Helse og omsorg gir helse- og omsorgstenester til dei som har behov for og rett på helsehjelp. For å gje gode og forsvarlege tenester har me tilsette med ulik kompetanse i avdelingane.
Me søkjer «Læring i næring» til Hauge omsorgsbustad. Omsorgsbustaden ligg på Hauge og er eit bufellesskap med 16 leiligheiter. Bebuarane her treng heildøgns pleie og omsorg.
Arbeidsoppgåver:
Felleskjøkken - dekke bord, servere, vaske opp, sette varer på plass
Følge bebuar til felles måltider
Levere varer i leiligheitene
Varme og servere middagar i leiligheitene
Vaske opp, sette på oppvaskemaskin
Henge opp og brette klær, skifte sengetøy
Delta i enkle aktivitetar som spel og samtalar
Vi søker deg som:
Er nysgjerrig og lærevillig
Liker å vere saman med andre menneske
Er hjelpsam og snill
Tør å stille spørsmål når du lurer på noko
Kan ta imot beskjed og rettleiing frå vaksne
Ønsker å lære meir om omsorgsyrket
Det viktigaste er at du:
Møter opp når du skal
Gjer ditt beste sjølv om oppgåvene er nye for deg
Seier frå dersom du ikkje forstår noko
Er hyggeleg mot dei du møter på jobb
Du vil få god rettleiing av erfarne medarbeidarar som vil lære deg opp i dei ulike oppgåvene. Dette er ein moglegheit til å få innsikt i korleis me arbeidar og kanskje finne ut kva du har lyst til å jobbe med seinare.
Vil gjerne at du kan jobbe både høst- og vinterferien.
Teieplikt
Som tilsett i kommunen har du teieplikt. Det betyr at du ikkje kan fortelje andre om det du får vite på jobben om enkeltpersonar, deira helse, økonomi eller private forhold. Teieplikta gjeld både medan du arbeider og etter at du har slutta. Du kan berre dele informasjon med kollegaer som treng det for å gjere jobben sin, og berre det som er nødvendig. Dersom du bryt teieplikta, kan det få alvorlege konsekvensar både for dei det gjeld og for deg sjølv. Vi gjev grundig opplæring i kva som er tillate å dele og ikkje.
Søknadsfrist: 9.september