Me søkjer «læring i næring» ungdom til kjøkkenet på Osterøytunet sjukeheim
Osterøy kommune er ein stor arbeidsgjevar med ca 900 tilsette som dekkjer mange fagområde. Vi leverer viktige tenester til innbyggjarane som helsestasjon, sjukeheim, barnehagar og skular, tekniske tenester som vatn og avlaup, brannvesen og administrative oppgåver.
Helse og omsorg gir helse- og omsorgstenester til dei som har behov for og rett på helsehjelp. For å gje gode og forsvarlege tenester har me tilsette med ulik kompetanse i avdelingane.
Me søkjer «Læring i næring» til kjøkkenet på Osterøytunet sjukeheim. Kjøkkenet sørgjer for at bebuarane får næringsrik og god mat kvar dag. Her arbeider kokkar og kjøkkenassistentar med matproduksjon og måltidstenester.
Arbeidsoppgåver:
Delta ved matlaging under rettleiing
Delta i oppvask og opprydding
Lære om mattryggleik og hygiene
Hjelpe til med organisering rundt måltid
Vi søker deg som:
Er nysgjerrig og lærevillig
Liker å vere saman med andre menneske
Er hjelpsam og snill
Tør å stille spørsmål når du lurer på noko
Ønsker å lære meir om omsorgsyrket
Du vil få tett rettleiing av erfarne medarbeidarar som vil lære deg opp i dei ulike oppgåvene. Dette er ein moglegheit til å få innsikt i korleis me arbeidar og kanskje finne ut kva du har lyst til å jobbe med seinare.
Teieplikt
Som tilsett i kommunen har du teieplikt. Det betyr at du ikkje kan fortelje andre om det du får vite på jobben om enkeltpersonar, deira helse, økonomi eller private forhold. Teieplikta gjeld både medan du arbeider og etter at du har slutta. Du kan berre dele informasjon med kollegaer som treng det for å gjere jobben sin, og berre det som er nødvendig. Dersom du bryt teieplikta, kan det få alvorlege konsekvensar både for dei det gjeld og for deg sjølv. Vi gjev grundig opplæring i kva som er tillate å dele og ikkje.
Søknadsfrist: 9.september