Me søkjer «læring i næring» ungdom til arbeidsplassar i kommunen

Osterøy kommune er ein stor arbeidsgjevar med ca. 900 tilsette som dekkjer eit breitt spekter av fagområde. Vi leverer viktige tenester til innbyggjarane - frå helseoppfølging av gravide til sjukeheim, barnehagar og skular, tekniske tenester som vatn og avlaup, brannvesen og administrative oppgåver. 

Vi framtidsretta og investerer i digital utvikling, miljøvennlege løysingar og kompetanseutvikling. Som tilsett får du arbeide med moderne utstyr samtidig som du byggjer nære relasjonar til lokalsamfunnet. 

Med arbeidsområde frå omsorg til tekniske tenester, utdanning til kultur, finst det moglegheiter for læring, utvikling og meiningsfylt bidrag uansett kva interesser og ferdigheiter du har. 

Reinhald

I reinhaldstenesta har me ansvar for reinhald av skular, barnehagar, familie og omsorgssenteret, rådhuset, samlokaliseringsbygget, Osterøytunet, legekontora på Valestrand og i Lonevåg, Vaksenopplæringa, og biblioteks bygget.
Me utfører eit profesjonelt og moderne reinhald ved bruk av golvvaskemaskiner, og med minimalt kjemikaliebruk.

Arbeidsoppgåver:

  • Vere med å utføre dageleg reinhald på bygga våre. 

  • Vere med å utføre periodisk/ hovudreinhald

  • Få opplæring i bruk av golvvaskemaskin og high speed maskin

  • Arbeidsoppgåvene vil variere etter kva bygg ein vert plassert på

Kven ser du etter og hva skal til for å passe i jobben

Personlege eigenskapar:

  • Er nysgjerrig og lærevillig - du treng ikkje å kunne alt frå før! 

  • Likar manuelt arbeid og å bruke kroppen 

  • Tør å stille spørsmål når du lurer på noko. Ingenting er dumt å spørja om!

  • Kan ta imot beskjed og rettleiing frå andre 

  • Ha ein viss ordenssans

Praktiske ferdigheter som er nyttige:

  • Har hjelpt til heime med praktiske oppgåver

Det viktigaste er at du:

  • Møter opp når du skal 

  • Gjer ditt beste sjølv om oppgåvene er nye for deg 

  • Seier frå dersom det er noko du ikkje forstår

  • Er hyggeleg mot dei du møter på jobb 

Ingen forkunnskaper kreves, men du må være i bra fysisk form og like praktiske oppgaver.

Teieplikt

Som tilsett i kommunen har du teieplikt. Det betyr at du ikkje kan fortelje andre om det du får vite på jobben om enkeltpersonar, deira helse, økonomi eller private forhold. Teieplikta gjeld både medan du arbeider og etter at du har slutta. Du kan berre dele informasjon med kollegaer som treng det for å gjere jobben sin, og berre det som er nødvendig. Dersom du bryt teieplikta, kan det få alvorlege konsekvensar både for dei det gjeld og for deg sjølv. Vi gjev grundig opplæring i kva som er tillate å dele og ikkje.

Kontaktinfo

Kontaktpersoner: Solgunn S. Presttun mobil: 91340724 og Ingrid Mortensen mobil: 45343197.

Søknadsfrist: 9. september 2026

Søknadsskjema: