Me søkjer «Læring i næring» ungdom til arbeidsplassar i kommunen

Osterøy kommune er ein stor arbeidsgjevar med om lag 900 tilsette som dekkjer eit breitt spekter av fagområde. Vi leverer viktige tenester til innbyggjarane – frå helseoppfølging av gravide til sjukeheim, barnehagar og skular, tekniske tenester som vatn og avlaup, brannvesen og administrative oppgåver.

Vi er framtidsretta og investerer i digital utvikling, miljøvenlege løysingar og kompetanseutvikling. Som tilsett får du arbeide med moderne utstyr samtidig som du byggjer nære relasjonar til lokalsamfunnet.

Med arbeidsområde frå omsorg til tekniske tenester, utdanning til kultur, finst det moglegheiter for læring, utvikling og meiningsfylt bidrag uansett kva interesser og ferdigheiter du har.

Vaktmeister

Vaktmeistrane i Osterøy kommune har ansvar for drift og vedlikehald av alle kommunale bygningar som skular, barnehagar, kulturhus og idrettsanlegg. Arbeidet omfattar dagleg tilsyn, reparasjonar, planlagt vedlikehald, drift av uteområde som klipping av gras og rydding, samt oppgåver innan elektro, røyrlegging og utstyrsreparasjon. Det kan og vere vedlikehaldsarbeid som måling av bygg og enklare tømrararbeid.

Som vaktmeister får du eit variert og sjølvstendig arbeid med nye utfordringar kvar dag. Du arbeider både ute og inne med praktiske ferdigheiter og moderne teknologi. Her bidreg du til at kommunale bygningar fungerer optimalt for både tilsette og brukarar.

Arbeidsoppgåver:

  • Enkle vedlikehaldsoppgåver som måling og rydding 

  • Klipping av gras og rydding av uteområde 

  • Hjelp med transport av utstyr 

  • Arbeide saman med og hjelpe vaktmeistrane 

  • Lære om tekniske installasjonar og drift av bygg

Vi søker deg som:

Personlege eigenskapar som er nyttige:

  • Er nysgjerrig og lærevillig – du treng ikkje å kunne alt frå før 

  • Liker å vere saman med andre menneske 

  • Er hjelpsam og snill 

  • Tør å stille spørsmål når du lurer på noko 

  • Kan ta imot beskjed og rettleiing frå vaksne

Praktiske ferdigheiter som er nyttige:

  • Kan bruke datamaskin og mobil 

  • Er vand med å snakke med folk og samarbeide med andre 

  • Er flink rundt born og ungdom 

  • Har hjelpt til heime med praktiske oppgåver 

  • Liker å vere utandørs og er ikkje redd for å bli skiten på hendene

Det viktigaste er at du:

  • Møter opp når du skal 

  • Gjer ditt beste sjølv om oppgåvene er nye for deg 

  • Seier frå dersom du ikkje forstår noko 

  • Er hyggeleg mot dei du møter på jobb

Vi legg vekt på motivasjon og vilje til læring framfor formell kompetanse. Gjennom praksis, opplæring og mentorordningar får du den kunnskapen du treng for å lukkast i jobben.

Du vil få tett rettleiing av erfarne medarbeidarar som vil lære deg opp i dei ulike oppgåvene. Dette er ein moglegheit til å få innsikt i korleis det offentlege arbeider og kanskje finne ut kva du har lyst til å jobbe med seinare.

Teieplikt

Som tilsett i kommunen har du teieplikt. Det betyr at du ikkje kan fortelje andre om det du får vite på jobben om enkeltpersonar, deira helse, økonomi eller private forhold. Teieplikta gjeld både medan du arbeider og etter at du har slutta. Du kan berre dele informasjon med kollegaer som treng det for å gjere jobben sin, og berre det som er nødvendig. Dersom du bryt teieplikta, kan det få alvorlege konsekvensar både for dei det gjeld og for deg sjølv. Vi gjev grundig opplæring i kva som er tillate å dele og ikkje.

Kontaktperson:

Christer Nilsen, mobil: 41558280.

Søknadsfrist: 9.september