Me søkjer «læring i næring» ungdom til arbeidsplassar i kommunen
Osterøy kommune er ein stor arbeidsgjevar med ca 900 tilsette som dekkjer eit breitt spekter av fagområde. Vi leverer viktige tenester til innbyggjarane - frå helseoppfølging av gravide til sjukeheim, barnehagar og skular, tekniske tenester som vatn og avlaup, brannvesen og administrative oppgåver.
Vi framtidsretta og investerer i digital utvikling, miljøvennlege løysingar og kompetanseutvikling. Som tilsett får du arbeide med moderne utstyr samtidig som du byggjer nære relasjonar til lokalsamfunnet.
Med arbeidsområde frå omsorg til tekniske tenester, utdanning til kultur, finst det moglegheiter for læring, utvikling og meiningsfylt bidrag uansett kva interesser og ferdigheiter du har.
Barnehage
Osterøy kommune driv fleire barnehagar som gjev dei minste ein trygg start på livet. Barnehagane representerer viktige arbeidsplassar for pedagogar, assistentar og andre fagtilsette. Her arbeider barnehagelærarar og assistentar saman om å skape gode lærings- og leikemiljø. Dei tilsette planlegg pedagogiske aktivitetar, sørgjer for mat og kvile, og byggjer relasjonar til born og føresette. Som tilsett får du følgje born gjennom viktige utviklingsfasar og bidra til deira læring og trivsel. Arbeidet krev både fagleg kompetanse og personlege eigenskapar som empati og kreativitet. Kommunen satsar på kompetanseutvikling og følgjer nasjonale retningsliner. Barnehagane har erfarne styrarar som sørgjer for fagleg leiing og trygt arbeidsmiljø. Her bidrar du til at dei minste får ein god start på livet.
Valestrand barnehage
2-avdeling barnehage. Ligg i gangavstand til ferjekaien
Arbeidsoppgåver:
Delta i leik (ute og inne): vere med på rolleleik, brettspel, bygging med klossar, osv.
Delta i turar i nærmiljøet (f.eks. til skogen, biblioteket eller leikeplassen)
Lese bøker for barna
Delta i songstund / musikkaktivitetar
Hjelpe til med forming (teikning, maling, klipping og liming)
Skriv gjerne om du har lyst jobba med dei minste eller dei litt større barna i barnehagen.
Vi søker deg som:
Personlege eigenskapar:
Er nysgjerrig og lærevillig - du treng ikkje å kunne alt frå før!
Liker å vere saman med andre menneske
Er hjelpsam og snill
Tør å stille spørsmål når du lurer på noko
Kan ta imot beskjed og rettleiing frå vaksne
Praktiske ferdigheiter som er nyttige:
Kan bruke datamaskin og mobil
Er vant til å vere saman med mindre born (søsken, kusiner, naboborn)
Har hjelpt til heime med praktiske oppgåver
Liker å vere utandørs og er ikkje redd for å bli skitten på hendene
Har interesse for matlaging eller handverk
Det viktigaste er at du:
Møter opp når du skal
Gjer ditt beste sjølv om oppgåvene er nye for deg
Seier frå dersom du ikkje forstår noko
Er hyggeleg mot dei du møter på jobb
Vi legg vekt på motivasjon og vilje til læring framfor formell kompetanse. Gjennom praksis, opplæring og mentor-ordningar får du den kunnskapen du treng for å lukkast i jobben.
Du vil få tett rettleiing av erfarne medarbeidarar som vil lære deg opp i dei ulike oppgåvene. Dette er ein moglegheit til å få innsikt i korleis det offentlege arbeider og kanskje finne ut kva du har lyst til å jobbe med seinare.
Politiattest
For dei fleste stillingar i Osterøy kommune må du levere politiattest. Dette gjeld særleg når du skal arbeide med barn, eldre eller andre sårbare grupper. Politiattesten viser at du ikkje har gjort noko straffbart som kan påverke jobben din. Dette gjeld stillingar i barnehagar, skular og dagtilbod.
Politiattesten er gratis. Du får bestilt politiattest på politiet.no eller på politistasjonen. Det tek vanlegvis nokre dagar å få den ferdig.
Teieplikt
Som tilsett i kommunen har du teieplikt. Det betyr at du ikkje kan fortelje andre om det du får vite på jobben om enkeltpersonar, deira helse, økonomi eller private forhold. Teieplikta gjeld både medan du arbeider og etter at du har slutta. Du kan berre dele informasjon med kollegaer som treng det for å gjere jobben sin, og berre det som er nødvendig. Dersom du bryt teieplikta, kan det få alvorlege konsekvensar både for dei det gjeld og for deg sjølv. Vi gjev grundig opplæring i kva som er tillate å dele og ikkje.
Kontaktperson: Kristin Haukaas, tlf.: 56192748.
Søknadsfrist: 9.september