Me søkjer «Læring i næring»-ungdom  til arbeidsplassar i kommunen

Osterøy kommune er ein stor arbeidsgjevar med ca. 900 tilsette som dekkjer eit breitt spekter av fagområde. Vi leverer viktige tenester til innbyggjarane - frå helseoppfølging av gravide til sjukeheim, barnehagar og skular, tekniske tenester som vatn og avlaup, brannvesen og administrative oppgåver. 

Vi framtidsretta og investerer i digital utvikling, miljøvennlege løysingar og kompetanseutvikling. Som tilsett får du arbeide med moderne utstyr samtidig som du byggjer nære relasjonar til lokalsamfunnet. 

Med arbeidsområde frå omsorg til tekniske tenester, utdanning til kultur, finst det moglegheiter for læring, utvikling og meiningsfylt bidrag uansett kva interesser og ferdigheiter du har. 

SFO – Skulefritidsordninga ved Valestrand skule

Me søkjer «læring i næring»-ungdom til skulefritidsordninga Valestrand skule (SFO) i Osterøy kommune.

SFO er eit tilbod til barn på 1.–4. trinn før og etter skuletid, og gjev barna ein trygg og aktiv kvardag utanfor skuletimane. Her arbeider pedagogar og assistentar saman om å skape eit godt fritidsmiljø prega av leik, aktivitetar og fellesskap. Som tilsett i SFO vert du ein viktig vaksen i barnas kvardag.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i leik ute og inne, og vere til stades for barna i fritida deira

  • Følgje opp barna under måltid og bidra til ein god middag- og ettermiddagsrutine

  • Hjelpe til med lekser dersom det er aktuelt

  • Delta i turar og utflukter i nærmiljøet

  • Hjelpe til med forming, spel, sport og andre aktivitetar

  • Bidra til eit trygt og inkluderande miljø der alle born kjenner seg velkomne

Me søkjer deg som:

Personlege eigenskapar:

  • Er nysgjerrig og lærevillig – du treng ikkje å kunne alt frå før!

  • Liker å vere saman med barn i skulealder

  • Er hjelpsam, raus og tar ansvar

  • Tør å stille spørsmål når du lurer på noko

  • Kan ta imot beskjed og rettleiing frå vaksne

Praktiske ferdigheiter som er nyttige:

  • Er vant til å vere saman med born i skulealder (søsken, naboborn o.l.)

  • Liker å vere utandørs og er ikkje redd for å bli skitten på hendene

  • Har interesse for sport, spel, handverk eller andre fritidsaktivitetar

  • Har hjelpt til heime med praktiske oppgåver

Det viktigaste er at du:

  • Møter opp når du skal og er til stades heile arbeidsdagen

  • Gjer ditt beste sjølv om oppgåvene er nye for deg

  • Seier frå dersom du ikkje forstår noko

  • Er hyggeleg mot barn og vaksne du møter på jobb

Me legg vekt på motivasjon og vilje til læring framfor formell kompetanse. Gjennom praksis, opplæring og mentor-ordningar får du den kunnskapen du treng for å lukkast i jobben. Du vil få tett rettleiing av erfarne medarbeidarar som vil lære deg opp i dei ulike oppgåvene.

Mobiltelefon

Det er ikkje høve å ha med mobiltelefon på avdelinga eller uteområdet når du er på jobb i SFO. Mobiltelefonen skal vere i garderoben heile dagen. Unntaket er når du har avtalt lunsjpause.

Politiattest

For å arbeide i SFO må du levere politiattest. Politiattesten er gratis og kan bestillast på politiet.no eller på politistasjonen. Det tek vanlegvis nokre dagar å få den ferdig.

Teieplikt

Som tilsett i kommunen har du teieplikt. Det betyr at du ikkje kan fortelje andre om det du får vite på jobben om enkeltpersonar, deira helse, økonomi eller private forhold. Teieplikta gjeld både medan du arbeider og etter at du har slutta. Me gjev grundig opplæring i kva som er tillate å dele og ikkje.

Kontaktperson:

Britt Rød, mobil: 95 88 46 75.

Søknadsfrist: 9. september.