Me søkjer «læring i næring» ungdom til arbeidsplassar i kommunen
Osterøy kommune er ein stor arbeidsgjevar med om lag 900 tilsette som dekkjer eit breitt spekter av fagområde. Vi leverer viktige tenester til innbyggjarane – frå helseoppfølging av gravide til sjukeheim, barnehagar og skular, tekniske tenester som vatn og avlaup, brannvesen og administrative oppgåver.
Vi er framtidsretta og investerer i digital utvikling, miljøvenlege løysingar og kompetanseutvikling. Som tilsett får du arbeide med moderne utstyr samtidig som du byggjer nære relasjonar til lokalsamfunnet.
Med arbeidsområde frå omsorg til tekniske tenester, utdanning til kultur, finst det moglegheiter for læring, utvikling og meiningsfylt bidrag uansett kva interesser og ferdigheiter du har.
Vatn og Avlaup i Osterøy kommune
Oppgåvene våre er blant dei viktigaste tenestene ein kommune leverer til innbyggjarane sine – nemleg trygt drikkevatn. For å sikre dette driftar og vedlikeheld vi fire vassbehandlingsanlegg. Vi har òg tre avløpsreinseanlegg og fleire kilometer med vass- og avløpsleidningar som skal driftast og haldast ved like.
Arbeidsoppgåver:
Assistere med rutinemessig vedlikehald av vass- og avløpssystem.
Delta i inspeksjonar av røyrleidningar og avløpssystem for å identifisere moglege problem.
Vere med på konkrete prosjekt som gir innsikt i korleis vass- og avløpssystem fungerer.
Vi søker deg som:
Er engasjert, positiv og nysgjerrig.
Har lyst til å lære meir om kretsløpet til vatn og avløp.
Personlege eigenskapar:
Er nysgjerrig og lærevillig – du treng ikkje å kunne alt frå før
Liker å vere saman med andre menneske
Er hjelpsam og snill
Tør å stille spørsmål når du lurer på noko
Kan ta imot beskjed og rettleiing frå vaksne
Praktiske ferdigheiter som er nyttige:
Kan bruke datamaskin og mobil
Er vant med å snakke med folk og samarbeide med andre
Har hjelpt til heime med praktiske oppgåver
Liker å vere utandørs og er ikkje redd for å bli skiten på hendene
Det viktigaste er at du:
Møter opp når du skal
Gjer ditt beste sjølv om oppgåvene er nye for deg
Seier frå dersom du ikkje forstår noko
Er hyggeleg mot dei du møter på jobb
Vi legg vekt på motivasjon og vilje til læring framfor formell kompetanse. Gjennom praksis, opplæring og mentorordningar får du den kunnskapen du treng for å lukkast i jobben.
Du vil få tett rettleiing av erfarne medarbeidarar som vil lære deg opp i dei ulike oppgåvene. Dette er ein moglegheit til å få innsikt i korleis det offentlege arbeider og kanskje finne ut kva du har lyst til å jobbe med seinare.
Teieplikt
Som tilsett i kommunen har du teieplikt. Det betyr at du ikkje kan fortelje andre om det du får vite på jobben om enkeltpersonar, deira helse, økonomi eller private forhold. Teieplikta gjeld både medan du arbeider og etter at du har slutta. Du kan berre dele informasjon med kollegaer som treng det for å gjere jobben sin, og berre det som er nødvendig. Dersom du bryt teieplikta, kan det få alvorlege konsekvensar både for dei det gjeld og for deg sjølv. Vi gjev grundig opplæring i kva som er tillate å dele og ikkje.
Søknadsfrist: 9.september