Vi søkjer ein praktisk og gjerne kreativ, anlagt «læring i næring»-ungdom som kan vere med i vår produksjon

Reklamehuset vart stifta i september 1989, og starta med produksjon av skilt og dekorprodukt. Gjennom åra har verksemda utvida til og å omfatte grafiske tenester, trykksaker og tekstil- og profilartiklar.

I dag er Reklamehuset ein komplett leverandør av firmaprofilering. Vi produserer og leverer alt frå logodesign, trykksaker, skilting, bildekor og vindusfasader, messeutstyr og ein eigen avdeling med klede og profilartiklar.

Arbeidsoppgåver:

Hos oss vil du få vere med på enkle arbeidsoppgåver i produksjonen. Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til folie og dekor, og du vil få innblikk i korleis produksjonen vår fungerer.
Du vil mellom anna få vere med på:

  • Produksjon av skilt og dekor

  • Foliering av bilar

  • Arbeid med folie og ulike dekorprodukt

  • Montering ute hos kundar når slike oppdrag er aktuelle i perioden du er hos oss

Kven ser vi etter og kva skal til for å passe i jobben: 

Ingen forkunnskaper er nødvendig, men du må like praktiske oppgåver. 

Kontaktinfo, kontaktperson og adresse for arbeidet: 

Evy Eknes, dagleg leiar. Tlf. 41553325.

Besøk oss gjerne på reklamehuset.no eller følg oss på Facebook og Instagram.

Søknadsfrist: 9. september