Vi søkjer «Læring i Næring» ungdom til arbeid på Sol Smolt
Sol Smolt AS har produsert settefisk i Solund i over 40 år. Vi har gradvis modernisert drifta og auka produksjonen. Selskapet har løyve til å produsere 1,2 millionar settefisk.
Vi er no inne i ein ny og viktig fase med større utbygging. Det nye anlegget står klart i siste kvartal 2026 og vert eit kombinert gjennomstrøymings- og RAS-anlegg. Dette legg til rette for ei meir moderne og framtidsretta drift. Vi har som mål å vere ein viktig og spennande arbeidsplass i Solund også i framtida.
Arbeidsoppgåver er:
Fòring og fòrkontroll
Stell og røkting av yngel og smolt
Kontroll og vedlikehald av utstyr.
Anna førefallande arbeid
Vi søkjer deg som:
Er interessert i fisk og produksjon av smolt.
Likar å jobbe praktisk
Har ein positiv haldning til arbeid og oppgåver
Er nysgjerrig og vil lære nye ting.
Arbeidstad: Sol Smolt sitt anlegg ved Storevatn på Gylta
For nærare spørsmål, kontakt driftsleiar Terje Mjåtveit på tlf. 918 69 577
Søknadsfrist: 09. september 2026.