Me søkjer «læring i næring» - ungdom til Plan og teknisk avdeling i Solund kommune
Solund kommune er ein øykommune ytterst i havgapet på nordsia av innløpet til Sognefjorden.
Me er 745 innbyggjarar i kommunen og der om lag 40 % av innbyggjarane bur i kommunesenteret Hardbakke. På Hardbakke ligg barnehagen, skulen, daglegvarebutikk og ulike andre servicetilbod. Me har nytt treningsenter, kunstgrasbana, basseng og idrettshall. Ny moderne ungdomsskule er ferdig til skulestart. Me har eit rikt kulturliv og store muligheter for eit variert friluftsliv.
Plan og tekniske tenester er ei avdeling i Solund kommune som har ansvar for følgjande fagfelt :
Kommunalt vassverk og avløpsanlegg
Kommunale vegar og kaiar
Kommunale bygg og grøntanlegg
Brann- og reidning
Tilskotsordningar innan landbruket
Behandling av ulike søknader t.d. byggesøknader
Utarbeide ulike planar t.d. kommuneplanen
Investeringsprosjekt
Vi er 9 tilsette ved avdelinga med særs ulike utdanningar, erfaringar og arbeidsoppgåver. Me har eit godt arbeidsmiljø med mykje god humor som gler oss til å få den rette med på laget.
Me ser etter ein lærevillig ungdom som kjem på jobb til avtalt tid. Ein som har fokus på arbeidsoppgåvene sine gjennom heile arbeidsdagen og har godt humør.
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, men vi søkjer ein medhjelpar til mekanisk arbeid som vedlikehald av brøyteutstyr, slåtteutstyr og bilar. Inkludert vask av bilar og traktorar. Det kan også vere aktuelt å vere medhjelpar til tømrar på ulike byggeprosjekt. Dersom graset framleis veks kan det også bli aktuelt med plenslått. Du vil uansett arbeidsoppgåve få tett oppfølging av kollegaer.
Oppmøteplass første arbeidsdag vert på kommunehuset på Hardbakke. Besøksadresse er Hardbakke 26, 6924 Hardbakke. Spørsmål knytt til stillinga kan rettast til leiar for Plan og tekniske tenester, Kjartan Nyhammer, mobil 95 91 74 71.
Søknadsfrist : 9.september 2025.
Gler oss til å høyra frå deg.