Me søkjer «læring i næring»-ungdom til sjukeheim/heimetenesta i Solund kommune

Solund kommune er ein øykommune ytterst i havgapet på nordsia av innløpet til Sognefjorden.

Me er 745 innbyggjarar i kommunen og der om lag 40 % av innbyggjarane bur i kommunesenteret Hardbakke. På Hardbakke ligg barnehagen, skulen, daglegvarebutikk og ulike andre servicetilbod. Me har nytt treningsenter, kunstgrasbana, basseng og idrettshall. Ny moderne ungdomsskule er ferdig til skulestart. Me har eit rikt kulturliv og store muligheter for eit variert friluftsliv.

Sjukeheim/heimeteneste er ei avdeling i Solund kommune som har ansvar for følgjande fagfelt :

  • Heimebuande med behov for hjelp og tilrettelegging av dagliglivet.

  • Institusjonsbebuarar med behov for hjelp og tilrettelegging av ein meiningsfull kvardag.

Me er ca. 30 tilsette ved avdelinga med ulike utdanningar, erfaringar og arbeidsoppgåver. Me har eit godt arbeidsmiljø med mykje god humor og gler oss til å få den rette med på laget.

Me ser etter ein lærevillig ungdom som kjem på jobb til avtalt tid. Ein som har fokus på arbeidsoppgåvene sine gjennom heile arbeidsdagen og har godt humør.

Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, men vi søkjer ein medhjelpar til hjelp med tilrettelegging av målitid, turgåing, aktivisering og hjelp til daglige aktivitetar

Oppmøteplass første arbeidsdag vert på Helsetunet på Hardbakke. Besøksadresse er Taklegarden 1, 6924 Hardbakke. Spørsmål knytt til stillinga kan rettast til leiar for sjukeheim/heimeteneste Ingelin Stølen, mobil 45974005.

Søknadsfrist : 9.september 2025.

Gler oss til å høyra frå deg.

Søknadsskjema: