Læring i næring – Sulefisk

Sulefisk AS har i over 40 år produsert laks og aure i Solund. Vi produserer i snitt 5000 tonn laks pr år, dvs. ca 20 000 000 fiskemiddagar, som blir eksportert til heile verden. Dette gjer oss til ein stolt produsent av eit sunt og viktig produkt for Solund, Noreg og resten av verda! For Sulefisk er det viktig å vere ein lokal næringsaktør i Solund som skapar gode arbeidsplassar, moglegheiter og positive ringverknadar i lokalsamfunnet vårt! 

Har du lyst på eit innblikk i kvardagen vår og korleis det er å arbeide innan akvakultur? Sulefisk søkjer «Læring i næring» ungdom!

Stillinga inkluderer arbeide både på sjølokalitet, båt og land : 

  • Fôring og oppfølging av fiskevelferd

  • Tilsyn og generelt vedlikehald

  • Reinhald og anna førefallande arbeid

  • Følgje prosedyrar og gjere registreringar i Sulefisk sitt kvalitetssystem

Vi ser etter ungdommar som:

  • Er nysgjerrige, lærevillige og løysingsorienterte

  • Har ei positiv innstilling og god arbeidsmoral 

  • Er praktisk anlagt og trivast med fysisk arbeid


Er dette noko for deg? 

Søknadsfrist: 09.09.2025

Oppmøtestad: Eide, Solund

Vil du vete meir? Sjå nettsida vår: www.sulefisk.no 

Spørsmål? Kontakt: Sissel Kråkås, tlf.: 90 91 01 06

Søknadsskjema: