Få hjelp og støtte til utvikling av di bedrift på

DEN STORE VERKEMIDDELDAGEN

Her kjem (nesten) alle aktørane. Bli med du også!

Arrangementet er avlyst

Det finst ei rekke ulike støtteordningar til utviklings- og vekstprosjekt i etablerte verksemder i Nordhordland. Denne dagen samlar vi aktørar som tilbyr finansiering, rådgiving og kompetanse.

Få oversikt over kva som finst og møt dei gode hjelparane.


Her vil du kunne oppleve:

  • Korte innlegg om ulike stønadsordningar for etablerte verksemder

  • Speed dating med utviklingsaktørar

Du møter:

  • INNOVASJON NORGE

    Rolf H. Sørland er avdelingsleiar ved Bergenskontoret til Innovasjon Norge Vestland. Innovasjon Norge har et breitt tilbud innan finansiering, kompetanse og nettverk til oppstartsbedrifter, SMB og klynger. Dei har kontor i alle regionar i Norge og i 20 land rundt omkring i verda.  

                                                                   

  • FORSKINGSRÅDEt, forregion vestland og mohnsenteret

    Kom i gang med forsking i bedrift! Her får du oversikt over verkemidla innan forsking - frå enkle forskingsprosjekt til meir komplekse. Du får også vite meir om finansieringsmoglegheiter, og korleis du kan bruke SkatteFUNN.

    Aina Isdal Haugland, Mohnsenteret ved Høgskulen på Vestlandet

    Rigmor Fardal, Forskingsrådet           

                                                                        

  • VESTLAND FYLKESKOMMUNE

    Jone Engelsvold er forskingskoordinator i Vestland fylke og har blant anna ansvar for arbeidet med mobilisering til meir forsking i bedrift. Jone vil informere om aktuelle støtteordningar for bedrifter, som til dømes Regionalt forskingsfond Vestland og støtta til bedriftsintern opplæring (BIO-midlar).

  • INDUSTRIUTVIKLING VEST

    Tore André Sines jobbar som senior forretningsutviklar i Industriutvikling Vest. Han bistår med innovasjon og utviklingsarbeid for både etablerte verksemder og modne gründarar i regionen vår. I dette innlegget vil han legge spesielt vekt på ulike støttefunksjonar/støtteordningar.

  • KLAR BEDRIFT

    Mette Cathrine Nordås jobbar som forretningsutviklar i næringshagen Klar Bedrift AS. Der bistår ho med bedriftsutvikling for etablerte og nye bedrifter i regionen. I innlegget vil ho legge vekt på kva du vil få ut av eit samarbeid med Klar Bedrift.

Arrangørar: Alver kommune, Nordhordland Næringslag, Industriutvikling Vest, Vestland fylkeskommune, Klar Bedrift, NAV.