Me søkjer ungdom til «Læring i næring» på arbeidsplass på Osterøy
Er du mellom 15 og 16 år og har lyst på ein spennande og lærerik jobb?Vevle Mekaniske Verkstad søkjer ungdom som vil få innblikk i mekanisk arbeid og praktiske oppgåver i eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.
Om arbeidsplassen
Vevle Mekaniske Verkstad er ei lokal bedrift med lang erfaring innan mekanisk produksjon. Me held til i Valestrandsvegen 182, med gode moglegheiter for transport med buss og sykkel.
Arbeidsoppgåver
Du vil få opplæring og jobbe med enkle og trygge oppgåver som passar for ungdom, som til dømes:
Rydding og organisering av verkstad
Enkle vedlikehaldsoppgåver
Assistanse ved produksjon og montering
Pakking og klargjering av varer
Maling
Kva ser vi etter?
Vi veit at du kanskje ikkje har mykje erfaring – det viktigaste for oss er at du:
Møter opp til avtalt tid
Tek omsyn til HMS-reglement (Helse, Miljø, Sikkerhet)
Er positiv og lærevillig
Klarer å jobbe både sjølvstendig og saman med andre
Har interesse for praktisk arbeid
Kvar held vi til?
Adresse: Valestrandsvegen 182, 5281 Valestrandsfossen
Transport: Det går bussar i nærleiken, og det er trygt å sykle til verkstaden frå Valestrand.
Kontakt
Har du spørsmål eller vil søke?
Kontaktperson: Trond Vevle, telefon: 99617471
Søknadsfrist: 9.september